Smalahovetunet

Smalahovetunet Voss er ei familieverksemnd på garden Løne på Voss.
Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i landet, men i tillegg til smalahove vert det laga pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt. Varene får du kjøpt i gardsbutikken og her på nettsida vår.
Smalahovetunet har også flotte lokale som gjev den perfekte ramma for festlege lag som konfirmasjon, bryllaup, slekstreff og firmafest. I Stabburet frå 1700-talet, Grindabygget eller Laoen kan ein få servert smalahove, pinnakjøt, rjomegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til. Det er også mogeleg å få omvisning på smalahovefabrikken der den daglege produksjonen pågår.
Jonsokfeiring på Løne har altid vore ein tradisjon, med jonsokbål, grilling og god stemning med familie, venner og naboar. Dei sista 10 åra har me utvida denne trivelege feiringa med å invitera ulike danseband til å spela hjå oss. Under denne helga ryddar me låven for låvedans, nede ved vatnet ved smalahovefabrikken er det ein større scene med telt.